Politiattest
Politiattest
Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for VES som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming, skal levere politiattest.
Det skal gjerast kjent når ei stilling eller aktivitet krev fremsyning av politiattest. Styret oppnemner ein person som er ansvarleg for å kreve inn politiattest.
Dei som skal utføre oppgåver der attest er påkrevd, er sjølv ansvarleg for å skaffe og syne fram politiattest for den styreoppnemnde personen i klubben.
Personar som ikkje leverer politiattest eller har anmerkningar på attesten, skal ikkje få oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Politiattesten skal aldri lagrast hos klubben. VES lagrar berre informasjon om:
Politiattest-ansvarleg
Dato for avkreving
Dato for framsyning av attest
Namn, kontaktinformasjon, fødselsnummer og rolle/funksjon for person som må levere attest
Kva for roller og funksjonar i VES krev politiattest?
Trenarar
Spelansvarlege
Sportsleg leiar
Alle som deltek på turar, treningar eller turneringar
Styret kan krevje politiattest basert på skjønn
Kvifor krev ein politiattest?
Fremsyning av politiattest utan merknader vert gjort for å sikre at oppgåver i klubben berre vert utført av skikka personer.