Om VES

bilde av andreas solbakken

Om VES

Volda E-sport (VES) er ein frivilleg organisasjon som vart stifta i 2020. 

All aktivitet i klubben er basert på dugnad og frivilligheit. Vi har som formål å:

Les meir om barn og speling hos Barnevakten.

VES jobbar for å

Skape sunne spelarar

Ein god dataspelar må ha god fysisk og mental helse. Vi fokuserer ikkje berre på utvikling av speleferdigheiter, men også på viktigheita av nok søvn, ein aktiv kvardag, lagånd og eit sunt kosthald. Her spelar vi på lag med andre lokale krefter som VTI Fotball.

Vi skal skape sunne gamerar!

Inkludering

Ikkje alle finn seg til rette i idrett eller andre tradisjonelle kulturtilbod. Vi vil gje eit tilbod til dei som sit åleine og spelar, men som ønsker å verte del av eit fellesskap.

Volda E-sport er ein stad der alle skal føle seg inkludert og respektert.

Skape identitet og stoltheit rundt gaming

Ein skal ikkje trenge å skjule at ein er gamer, anten ein er gamal, ung, jente eller gut. Med ein klubb og eit klubbhus på plass har Volda eit synleg bevis for at gaming er ein verdifull og anerkjent aktivitet som ein kan vere stolt av.

Volda sin første dataspelarena gir spelarar ein fysisk møteplass til å utøve sin lidenskap saman med likesinna uansett ferdigheitsnivå. 

Frå vår heimebane får voldingar testa seg mot andre spelarar i Noreg og rundt om i verda gjennom turneringar og ligaspel i forskjellige dataspel.

Skape framtidas spelheltar

Mange barn og unge ser opp til sine heltar som har nådd langt innan e-sport. Gjennom Volda E-sport skal vi legge til rette for at dataspelande og konkurranseglade voldingar kan nå sine draumar. Kanskje har vi snart ein verdsmeister frå Volda i Fortnite, CS:GO, League of Legends eller Rocket League?

VES er medlem av