Vi set stor pris på alle som ynskjer å støtte klubben og er glade for dykkar bidrag til klubben. I tillegg til standard sponsorpakkar kan vi tilby skreddarsydde sponsoravtalar tilpassa dykk.
For ein presentasjon, eit møte eller om du har spørsmål, send ein e-post til sponsor@ves.gg eller kontakt ein av oss i styret.
Volda E-sport (VES) er ein frivilleg organisasjon som vart stifta i 2020. Vi har som formål å fremme interesse for elektronisk sport (e-sport) og tilby organisert trening og konkurranse i dataspel. Vi tilbyr eit sosialt møtepunkt for alle som er opptekne av dataspel og e-sport i Volda – eit etterlengta tilbod for born og unge.
Midlar vi får frå sponsorar og støttespelarar går til utgifter knytt til klubbhus, treningsutstyr, lag, turneringsdeltagelse og gjennomføring av aktivitetar som turneringar og dataspeltreff (LAN).
E-sport er ein relativt ny sport i Norge, men på full fart framover, også på Sunnmøre! Vi vil synleggjere sponsorar på digitale plattformer, streaming-tenester og på nettstaden vår. Volda E-sport sine sponsorar kan også bli profilert på våre arrangement. Vi jobber aktivt for å skape mediemerksemd rundt klubben og støttespelarane.
Ein strategisk samarbeidspartnar som ønsker å knytte seg til klubben over lengre tid.
Synleg og involvert i Volda E-sport på alle område
Bruk av utøvarar som ambassadørar
Framheva logo på speledrakt
Logo med på nettstaden til VES
Profilering på VES sine streaming-tenester
Profilering på spelardrakt
Profilering på klubbhus
Profilering på aktivitetar og arrangement
5 billettar til arrangement i regi av VES
Minimum kr. 15.000 per år
Logo med på nettstaden til VES
Profilering på VES sine streaming-tenester
Profilering på aktivitetar og arrangement
Minimum kr. 5.000 per år
Ei verksemd, privatperson eller anna aktør som utan å signere sponsorkontrakt bidreg med pengestøtte eller ei yting som reduserer utgiftene til klubben. Alle støttespelarar har rett til logo på nettstaden til Volda E-sport.