Foto av laget (Komplettligaen):
https://www.komplettligaen.no/image/1375/IMG_5428.jpeg?c=0&h=1000&w=750&format=webp
23.06.2026 - Historisk NM-gull til Volda E-sport: VES Japan er seriemeistrar i League of Legends
Volda E-sport er for første gong noregsmeister i League of Legends. Etter ein sterk finalesiger over Bitfix RG sikra VES Japan klubbens første NM-gull i den øvste nasjonale ligaen.
League of Legends er eitt av verdas største konkurransespel innan e-sport, og Komplettligaen er den øvste nasjonale ligaen i spelet i Noreg.
Laget konkurrerer under namnet VES Japan. Namnet har vore brukt sidan laget vart etablert, og er inspirert av at manager Michal Åmås Aurstad frå Volda for tida bur i Japan.
For ein klubb frå Volda er dette den største sportslege prestasjonen i klubbhistoria og eit tydeleg prov på at ein også frå ei lita bygd kan hevde seg heilt i toppen av norsk e-sport.
Finalen vart spelt over fire intense kampar. Volda E-sport gjekk inn i finalen som førehandsfavorittar og jakta sitt første meisterskap. Motstandaren Bitfix RG, som hadde vore gjennom store endringar i løpet av sesongen, var også laget som gav Volda E-sport det første og einaste tapet deira i seriespelet.
Etter at Volda E-sport tok ei solid 2–0-leiing, slo Bitfix RG tilbake med ein sterk tredje kamp og reduserte til 2–1. Dermed låg alt til rette for ei dramatisk avslutning.
I det siste og avgjerande oppgjeret viste Volda E-sport stort mentalt overskot og taktisk styrke. Med iskald ro sikra dei sigeren 3–1 og kunne dermed løfte det gjeve troféet som noregsmeistrar.
Foto: Michal Åmås Aurstad / Volda E-sport
– Dette er ei heilt ubeskriveleg kjensle og ein enorm prestasjon av spelarane. Vi visste at Bitfix kom til å bli ei hard nøtt å knekke, men laget heldt hovudet kaldt då det gjaldt som mest. Å kunne kalle seg noregsmeistrar er ein draum som går i oppfylling for heile klubben, seier Michal Åmås Aurstad, manager for League of Legends-laget til Volda E-sport.
Dei nybakte noregsmeistrane som sikra den historiske tittelen for Volda E-sport, er:
Top: Krystian «krytybu» Tyburczy
Jungle: Ole Martin «Ploxy» Glomsaas
Mid: Magnus «Valiant» Øsmto
ADC: Noman «Nomi» Ahmad
Support: Aleksander «Zoophobias» Mentzoni
Coach: Nicholai Riis
Sigeren markerer eit stort høgdepunkt for Volda E-sport, som gjennom heile sesongen har vist eit stabilt høgt nivå og ei formidabel utvikling. At laget klarte å få revansj mot det einaste laget som slo dei i seriespelet, og det i ein finale der første lag til tre sigrar vart kåra til vinnar, viser at klubben no har etablert seg heilt i Noregstoppen.
No startar arbeidet med å forsvare tittelen neste sesong.
Klubben rettar ein stor takk til alle supportarar, partnarar og lokalmiljøet som har støtta laget fram mot denne historiske bragda.
NM-gullet skal no feirast i Volda, før blikket blir retta mot komande utfordringar og forsvaret av tittelen i neste sesong.
Kontaktperson: Michal Åmås Aurstad
Tittel: Manager League of Legends, Volda E-sport
Telefon: +47 482 75 845
E-post: michal@ves.gg
League of Legends er eitt av verdas største e-sportspel og høyrer til sjangeren MOBA (Multiplayer Online Battle Arena). Spelet blir spela på det same kartet kvar gong, med fem spelarar på kvart lag.
Målet er å kjempe seg frå eigen base og øydeleggje motstandarlaget sin base. For å lukkast må spelarane samarbeide tett, ta strategiske val og byggje opp ressursar undervegs i kampen.
Kvar spelar vel ein unik helt med eigne styrkar og eigenskapar. Å setje saman eit lag der heltane utfyller kvarandre, samtidig som ein tek omsyn til motstandaren sine val, er ein viktig del av strategien.
Kombinasjonen av samarbeid, taktikk, individuell dugleik og ressursstyring gjer League of Legends til eit av dei mest krevjande og mest populære konkurransespela i verda. Spelet har opptil 32 millionar aktive spelarar kvar dag.