Gaming med Volda E-sport på Samfunnshuset i sommer!
Volda E-sport har ope hus i heile sommar for syvende året på rad. Saman med Ung i Volda og Sommarprogrammet til Volda kommune arrangerer VES gaming-aktivitetar på Samfunnshuset i Volda.
Tilbodet er ope tirsdag til fredag frå kl 12 - 18 og laurdagar kl 15 - 21 i heile juli.
På Summer Games kan du spele datasspel på våre gaming-maskiner, spelkonsollar og VR. Det er alltid to gaming-vertar tilstades for å hjelpe deg i gong og for å ta ein prat om spel og e-sport. Lørdager er det konkurranser i forskjellige spill med premier, og de er også småturneringer i ukedagene - "Dagens Highscore".
Det er inga påmelding, det er berre å møte opp dei dagene du ønsker å bli med!
Aldersgrense:
10+. Barn under 10 år må ha følge med voksen.