Velkomen til ein sommar full av gaming med Volda E-sport på Uppheim!
Volda E-sport har ope hus i heile sommar for femte året på rad. Saman med Ung i Volda og Sommarprogrammet for barnefamiliar arrangerer Volda E-sport gaming-aktivitetar på Uppheim i Volda.
Det er ope i tirsdag, onsdag, fredag frå kl 12 - 18 og på laurdagene er det ope frå kl 15 -21 fra 29. juni.
På Summer Games kan du spele datasspel på våre gaming-maskiner, spelkonsollar og racing sim. Det er to eller tre gaming-vertar tilstades for å hjelpe deg i gong og for å ta ein prat opplæring i spel og e-sport.
Det er inga påmelding, det er berre å møte opp dei dagene du ønsker å bli med!
Aldersgrense:
Barn under 8 år må ha ein føresett med seg. Vi gjer merksam på at spel med høgre aldersgrenser blir spelt i lokalet.
Kva kan du gjere på Summer Games?
Spele på gaming-maskiner
Spele på konsollar som PS5, PS4 og Nintendo Switch
Spele Virtual Reality-spel (VR)
Spele Racing-Sim spel (bilspel)
Spele på eldre spelkonsollar som Gamecube, SNES, NES
Spele aleine, saman med venner, eller finn nye venner å spele med
Lære dataspeling av VES sine gaming-vertar
Bli med på turneringar
Konkurrere om 'Dagens Highscore'
Program
Oversikt over alle dagar Summer Games held ope er i tabellen under. Hver lørdag er det konkurranse og opplæring i et spill med premier. Hverdager er det konkurranse i et nytt spill hver dag i "Dagens Highscore".
Takk til samarbeidspartnarane som gjer Summer Games mogleg!
Turneringar og konkurransar
Dagens highscore
På vekedager er det 'Dagens highscore'! Her konkurrerer ein om å gjere det best i forskjellige singleplayer-spel. Få highscore i beatsaber, eller køyr raskast i Mario Kart! Rekordar blir ført opp på ei tavle, og vinnarane kvar dag får ein premie.
Kva spel det blir 'Dagens highscore' i blir annonsert på dagen ved opningstid, på vår Discord og i lokalet.
Turneringar
På laurdagar er det turneringar i eit spel på Summer Games. Vi oppmodar både erfarne og nybyrjarar om å delta og gamingvertene gir opplæring i spillene gjennom sommeren. Det er ikkje behov for å ha med eige utstyr, men dersom du ønsker f.eks. eigne kontrollarar eller tastatur så kan du gjerne ta med deg det.
Dei tre beste i kvar turnering får premiar og vinneren kan titulere seg som Volda Mester!
Alle deltagarar må følgje retningslinjer for deltagere på turneringer og ligaer arrangert av Volda E-sport.
Fortnite
Laurdag 29. juni, kl 17:00.
Volda E-sport har et stort miljø rundt Fortnite, så vi åpner Summer Games med turnering i dette populære spillet.
Påmelding: Kontakt gamingverter innen 18:00 på Summer Games.
Format: Utslagsrunder, der de beste går videre, til vi sitter igjen med ein vinner!
League of Legends
Laurdag 6. juli, kl 18:00.
Konkurrer i et av de største e-sport spillene i verden! Kanskje du også vil bli med på Volda E-sport sitt league lag til høsten?
Påmelding: Kontakt gamingverter innen 17:30 på Summer Games.
Format: Best av 3, 1v1.
Rocket League Laurdag 20. Juli, kl 17:00.
Er det et Rocket League miljø i Volda? Vi håper det, for vi ønsker å starte et tilbud med dette spillet som kan konkurrere i Good Game Ligaen. Bli med å vis dine skills.
Påmelding: Kontakt gamingverter innen 18:00 på Summer Games.
Format: Best av 3 kamper, 2vs2
EA SPORTS FC 24
Laurdag 27. juni, kl 18:00.
Er du den beste e-fotballspilleren i Volda? Møt opp og vis det! Duo-turnering på Uppheim denne dagen.
Format: Best av 2vs2.
Påmelding: Kontakt gamingverter innen 18:00 på Summer Games.
League of Legends
Laurdag 3. august, kl 18:00.
Er det et Overwatch miljø i Volda? Vi håper det, for vi ønsker å starte et lag i dette spillet som kan konkurrere i Good Game Ligaen.
Påmelding: Kontakt gamingverter innen 18:00 på Summer Games.
Format: 1v1.
Dagens Highscore
Alle dager bortsett fra lørdager!
Spillet blir annonsert ved åpningstid.
Påmelding: Kontakt gamingverter i løpet av åpningstiden.
Format: Forskjellig fra spill til spill.
Spørsmål og svar
Kven er det for?
VES Summer Games er ope for alle, og spesielt for barn og unge som er interesserte i dataspeling eller e-sport. Det er ingen krav til ferdigheiter for å bli med, og vi ønsker også at foreldre og eldre gamere tek turen innom!
Barn under 8 år må ha med ein føresatt.
Kvar skjer det?
Når er det?
VES Summer Games startar laurdag 29. juni og varer til og med 3. august.
Koster det pengar?
Nei, det er eit gratistilbod og det er ingen krav til å ta med eige utstyr.
Kva slags gamingutstyr kan eg bruke på Summer Games?
Vi har 20 gaming-maskiner frå Tussa og Volda E-sport, racingstol og konsollar (PS4, PS5 og Nintendo Switch).
Kan eg delta i konkurransar online?
Nei, alle konkurransar skjer i Summer Games-lokalet på Samfunnshuset.
Eg har eit anna spørsmål, kven kan eg kontakte?
Ta kontakt med nokon i Volda E-sport sitt styre.