Velkomen til ein sommar full av gaming! 

Volda E-sport har ope hus i heile sommar og vi håpar du blir med på gaming-festen.

Saman med Ung i Volda og Sommarprogrammet for barnefamiliar arrangerer Volda E-sport gaming-aktivitetar på Samfunnshuset i Volda. Summer Games har ope fire dagar i veka (tysdag, onsdag, fredag, laurdag) og varer frå 1. juli til 5. august. Det er ope i vekedagane frå kl 12 - 18 og på laurdagene er det ope frå kl 15 -21.

På Summer Games kan du spele datasspel på våre gaming-maskiner og spelkonsollar. Det er to gaming-vertar tilstades for å hjelpe deg i gong og for å ta ein prat om speling  og e-sport.

Det er inga påmelding, det er berre å møte opp dei dagene du ønsker å bli med.

Aldersgrense:
Barn under 8 år må ha ein føresett med seg.

Vi gjer merksam på at spel med høgre aldersgrenser blir spelt i lokalet. 

Kva kan du gjere på Summer Games?

Takk til samarbeidspartnarane som gjer Summer Games mogleg!

Spørsmål og svar

Kven er det for?

VES Summer Games er ope for alle, og spesielt for barn og unge som er interesserte i dataspeling eller e-sport. Det er ingen krav til ferdigheiter for å bli med, og vi ønsker også at foreldre og eldre gamere tek turen innom!

Barn under 8 år må ha med ein føresatt.

Kvar skjer det?

Samfunnshuset i sentrum av Volda. 

Når er det?

VES Summer Games startar tysdag 1. juli og varer til og med 5. august.

Koster det pengar?

Nei, det er eit gratistilbod og det er ingen krav til å ta med eige utstyr.

Kva slags gamingutstyr kan eg bruke på Summer Games?

Vi har 20 gaming-maskiner frå Tussa og Volda E-sport, i tillegg til konsollar (PS4, PS5 og Nintendo Switch)

Kan eg delta i konkurransar online?

Nei, alle konkurransar skjer i Summer Games-lokalet på Samfunnshuset.

Eg har eit anna spørsmål, kven kan eg kontakte?

Ta kontakt med nokon i Volda E-sport sitt styre. Ingvar / Mathias

Turneringar og konkurransar

Dagens highscore
vekedager blir det 'Dagens highscore'!  Her konkurrerer ein om å gjere det best i forskjellige singleplayer-spel. Få highscore i beatsaber, eller køyr raskast i Mario Kart! Rekordar blir ført opp på ei tavle, og vinnarane kvar dag får ein liten premie.

Kva spel det blir 'Dagens highscore' i blir annonsert på dagen ved opningstid, på vår Discord.

Turneringar
laurdagar er det turneringar i forskjellige spel på Summer Games. Vi oppmodar både erfarne og nybyrjarar om å delta. Det er ikkje behov for å ha med eige utstyr, men dersom du ønsker f.eks. eigne kontrollarar eller tastatur så kan du gjerne ta med deg det.

Dei tre beste i kvar turnering får diplom, premiar og ikkje minst ære.

Alle deltagarar må  følgje retningslinjer for deltagere på turneringer og ligaer arrangert av Volda E-sport.

League of Legends
Laurdag 8. juli, kl  17:00
(påmelding frå 15:00 på Summer Games)
Format: Best av 3 med double bracket. 1v1 på Howling abyss. Den fyrste til å få 1 kill, 100 farm, eller øydelegge 1 tårn vinn. Kvar spelar kan fjerne 3 heltar frå motstandar.

Age of Empires IV                         Laurdag 15. Juli, kl  17:00
(påmelding frå 15:00 på Summer Games)

Mario Kart                                        Laurdag 22. Juli, kl  17:00
(påmelding frå 15:00 på Summer Games)
Format: CPU (normal) på, alle baner, køyretøy og karakterar, anbefalte items. 4 deltakarar per runde, VS mode, antall baner likt antall deltakarar per runde, kvar deltakar vel bane ein gang, dei to beste går vidare.

Fortnite
Laurdag 29. Juli 
Solo Tilted Zone Wars               Map code 3729-0643-9775

Påmelding ved oppmøte, frå kl 15.00. Turneringsstart kl. 16.00. 

Varigheit justert etter antal deltakarar. Håper mange møter!

Vi køyrer utslagsrunder, der dei beste går vidare, til vi sit att med ein vinnar!

Kalender

Oversikt over alle dagar Summer Games held ope er i tabellen under. 

Vi ser fram til å sjå deg på VES Summer Games!